Odd Nordstoga
Farvel til deg
Bryr meg ikkje om veret
Det er då så mykje ver rundt om kring likevel
Bryr meg ikkje at himmelen hev opna, så fjellet, det er stengt
Så eg kjem ikkje fram dit eg skulle vore i kveld
Men det eg skulle der, nei det bryr meg ikkje stort likevel
Bryr meg ikkje at katten er borte og bilen snødd ned
For det her er farvel til deg
Det her er eit sjumilssteg. Det jer, det er endeleg
Endelig takk til deg. Det her er min nye veg
Ein mann treng å lea seg, og det skal eg utan deg
Det her er farvel til deg. Det her er farvel til deg
Og eg er glad for det!
Bryr meg ikkje om det ringer. Det er då så mykje ring rundt om kring likevel
Eg slår ring om alt som minner om deg og så hiv eg det ut og seier farvel til deg
Det her er eit sjumilssteg…
Bryr meg ikkje om tida
Den greier å gå av seg sjølv utan meg for ei stund
Nei, eg brydde meg heller 'kje stort om det var så at
Om det var slik at månen var borte, stjernene borte
Sola var borte, lufta var borte
Og havet; det draupt til ein annan planet
Og at det var eg som oppdaga den absurditet
For det her er farvel til deg
Det her er eit sjumilssteg...