Enslaved
Større Enn Tid, Tyngre Enn Natt
Tekst fra Større Enn Tid, Tyngre Enn Natt - Enslaved[Verse 1]
Hanen fall om på tunet
Før han rakk gala
Men eg kjende tida

Hesten hang i slitte taumar
Med utakk piska inn i augo
Men eg makta å trekke plogen

[Verse 2]
Bonden la seg til marka
Grødelaus og ufri
Men eg rydda nye hov

[Pre-Chorus]
Vekstane visna, evige lovnadar brast
Fargane falma, hjarta fraus fast
Støyen stilna, men sigeren var tatt
Større enn tid, tyngre enn natt!

[Chorus]
Fjella fall, og skogen brann
Tida teia, vatn vart sand
Sola slokna, men deg hadde eg att
Større enn tid, tyngre enn natt!
Fjella fall, og skogen brann
Tida teia, vatn vart sand
Sola slokna, men deg hadde eg att
Større enn tid, tyngre enn natt!

[Post-Chorus]
Vekstane visna, evige lovnadar brast
Fargane falma, hjarta fraus fast
Støyen stilna, men sigeren var tatt
Større enn tid, tyngre enn natt!

[Bridge & Outro]
Lyset tok slutt, og stjernene slokna ;
Før fylgjet nådde fram til gards
Men eg hussa vegen

Skipa sank med krigar og skald;
I botnlaus avgrunn lagt til kvile
Men eg råka nye ukjende strender

Gudane vart alle brått gamle
Då dei gyldne veggane fall
Men eg gav dei ny kraft