Sunn O)))
The Gates of Ballard
Håvard Hedde
Eg heiter Håvard Hedde, og er so ven ein kar
No vil eg burt og gifta meg og rydja meg ein gard
Eg bur upp under fjell
Og gjenta hev eg lova. Eg svik ho inkje hell!
Eg heiter Håvard Hedde og bur upp under nut;
No vil eg burt og gifta meg, eg vil 'kje lenger ganga gut
Eg bur upp under fjell
Og gjenta hev eg lova. Eg svik ho inkje hell!
Garden han er liten, men skogen han er god
Der heve eg tvo furor, og dei skal stå i ro
Eg bur upp under fjell
Og gjenta hev eg lova. Eg svik ho inkje hell!
Når borni dei vert mange, og skuldi aukar på
So høgg eg ned den eine, den andre ho lyt stå
Eg bur upp under fjell
Og gjenta hev eg lova. Eg svik ho inkje hell!
Lyrics
Men når me verte gamle og kvar skal hava sitt
So høgg eg ned den andre, og då er skogen kvitt
Eg bur upp under fjell
Og gjenta hev eg lova. Eg svik ho inkje hell!
Det var no ikkje undrands, at Håvard totte vondt;
Han reiste ifrå Lanje: Den myrke Haustenott
Eg bur upp under fjell
Og gjenta hev eg lova. Eg svik ho inkje hell!
Han reiste ifrå Lanjei, og då var gjenta fest;
Men det var med ein annan, det hev han trega mest
Eg bur upp under fjell
Og gjenta hev eg lova - ho sveik meg likevel