Genius Norge
Det hev ei rose sprunge
[Vers 1]
Det hev ei rosa sprunge
Ut av ei rot so grann
Som fedrane hev sunge:
Av Jesse rot ho rann
Og var ein blome blid
Midt i den kalde vinter
Ved myrke midnattstid

[Vers 2]
Om denne rosa eine
Er sagt Jesajas ord
Maria møy, den reine
Bar rosa til vår jord
Og Herrens miskunnsmakt
Det store under gjorde
Som var i spådom sagt

[Vers 3]
Guds rose ljuvleg angar
Og skin i jordlivs natt
Når hennar ljos oss fangar
Ho vert vår beste skatt
Me syng i englelag:
No er det fødd ein Frelsar
Og natti vart til dag