Odd Nordstoga
Voggesong
Det skull' 'kje bli ein voggesong
Så går visst blyanten den vegen denne gong
For eg ynsker deg bak hav og fjell
At du får sova godt i kveld

Når huset stilnar og sola glar
Og du har pysjen på, den raude som du plar
Kan eg be deg taka ein klem eller eit par
Å ta å sende ned til far?

Fire stryk på kvart eit kinn
Så ynskjer me velkomen inn
Til til englar og til stjerneris
Å er det vel god natt då på eit vis

No har nok dyna di blitt varm
Hell kanskje kviler du på mor sin gode arm
Og der borte søv vel storebror
Og om eit blunk så er du like stor

Eg syns vel songen blei litt fin
Og hels til mor og bror, men songen den er din
Og eg ynskjer deg bak hav og fjell
At du fær sova godt i kveld