Odd Nordstoga
Diesel og bensin
Ref:
Det var diesel og bensin
Som førde meg til deg
Du stod der etter vegen
Og så sat du på med meg
Og eg trur at det var
Noko der som du fann
I mitt einsame hjarte
Som du tende og brann
Det var sommar og vind
Og det var solbrune kinn
Då me tok vegen til kjærleik
Og vidare inn
Med dei magiske fartøy
Som baud oss på skyss
Til paradiset og lenger
I kvart bidige kyss
Ref…
Me var heile armeen
I vår festning av stål
På vår tosame røming
Der me alt var i mål
Me var brødre i blod
Og det elskande par
Og spør meg om lukten
Den lukten minnet har
Og farten var stor
Så me to skull’ bli tre
Men det lyste der framme
Av det der som skull’ skje
Så når barnet det kom
Mellom oss var det reint
Men det var klampen i bånn
Som gjorde at me den dagen
Ikkje kom for seint
Og det var fint det
Det var glede og slit det
For vårt møte etter vegen
Hadde ført like hit
Og ingen trong ut
På den lokkande veg
Når det freste og brann
Av eldar inni deg
Ref…
Så blei bakken for tung
Og det koka og brann
Og ventilane klapra
Og ifrå toppen det rann
Men alt under trykk
Det stod og freste i ro
Og det var alt som det skulle vera
Men det stampa og sto
No står eg her ute
På ein haustfrosen veg
Med mykje av greit nok
Men det er lite som dreg
Skogen den lutar
Og stjernene heng
Og tek eg til å springe
Når eg kjem på det som eg treng
Ref…