Odd Nordstoga
Malene
Det var tidleg kveld og sein april
Og lufta den blei kald og sola for
Eg hadde lua på, ei blå ei og av ull og litt for stor
Men heimegjort, formana på av mor

Då kom
Male Malene
Eg målar ut ditt namn
Du var mi di då. Eg var din eg
Male Malene
I fargane fine
Malene malene

Ute er det vinter, og heimatt er det langt
Og livet det har kjølt seg og er fint
Eg reiste og du reiste, og så gjekk det år på år
Men d’er deg det endå angar når d’er vår

Male Malene
Eg målar ut ditt namn
Du var mi di då. Eg var din eg
Male Malene
I fargane fine
Malene malene

Me let dei andre fara der i bilar og i song
Og att stod me å høyrde det blei stillt
Og trea ja dei bylgja seg og vegen ja den rann
Og handa mi den turde og den fann
No let eg handa styre og i pennen er det blekk
På arket formar eg ditt namnetrekk
Eg skreiv det tusen gonger då du hadde sagt farvel, og eg kjenner at det verkar òg i kveld
Male Malene
Eg målar ut ditt namn
Du var mi di då. Eg var din eg
Male Malene
I fargane fine
Malene malene