Odd Nordstoga
Når alle andre sansar kan få kvile
Eit bod ligg og ventar langt der ute
Blant stjerner over hav og fjell
Det ventar på at verda skø bli stille
Og klart det, det kjem fram i kveld
Det bodet er ikkje slikt som høyr og høyre
Eller slikt som du med auga ditt kan sjå
Men talar eit språk av det slaget
Som menneskja sitt hjarta kan forstå
Når alle andre sansar kan få kvile
Og ro hev funne veg til alle sinn
Då kan hjarta høyre bodet uti myrkret
Og opne døra si og la det koma inn
Då skin det noko nytt i alle augo
Noko nytt kjеm over der du står
Noko nytt er òg i snø og trе der ute
For det blenkjer alt der som du går
Snart høyrer du det kimar i ei klokke
Og det syng av jolesong frå alt ikring
Og myrkret med det underlege ljoset
Det er bodet som kom fram til alle ting
For når alle andre sansar kan få kvile
Og ro hev funne veg til alle sinn
Då kan hjarta høyre bodet uti myrkret
Og opne døra si og la det koma inn
Og la det bli det som me kallar for jul
Og la det bli det me kallar for jul
Når alle andre sansar kan få kvile
Og ro hev funne veg til alle sinn
Kan hjarta høyre bode uti myrkret
Og opne døra si og la det koma inn