Traditional
Jomfruva Ingebjør

[Tekst til "Jomfruva Ingebjør"]

[Intro: Instrumental]

[Vers 1]
Eg veit meg ein ædeli skog'e
Sunna og vesta fyr fjord:
Der vekse så mange dei ædeli tre
Dei venast på jordi som gror

[Vers 2]
Det var stride stjukmori
Ho framfyr sengji sto:
Skapt'a i ei villande hind
Som spring'e på øydeskog

[Refreng]
- Korleis ska sveinen finne jomfruva?
- Korleis ska sveinen finne jomfruva?

[Vers 3]
Det var han rike Herre-Per
Vakna og om seg såg:
Borte var fruva Ingebjør
Som på hass armen låg
[Vers 4]
"Høyre du, unge Herre-Per
Kvi høgg'e du ned min skog?
Du fær kje den ville ørni her
Fyrr ho fær manneblod."

[Refreng]
- Korleis ska sveinen finne jomfruva?
- Korleis ska sveinen finne jomfruva?

[Vokalisering]

[Vers 5]
Han skar stykkje utor sin barm
Kasta det hågt'pi kviste;
Ørni skreik, så hågt ho gol
Ho ville Herre-Per giste

[Vers 6]
"Gud signe deg, dandis Herre-Per
Fyr alle god-rå'ine dine!
Stjukmor mi sit i Trollebotn
Der græt ho syndine sine."

[Refreng]
No heve sveinen funni jomfruva
No heve sveinen funni jomfruva
No heve sveinen, no heve sveinen funni jomfruva
[Instrumental]

[Outro: Vokalisering]