Traditional
Bendik og Årolilja
Bendik rid åt Sølando
Ville han skoda møy
Han var ikje lagje te atte koma
Difor so laut han døy
— Årolilja, kvi søve du so lengje?

Om dagjen rid Bendik i skogjen ut
Og veider den ville hjort
Om notti vitjar han jomfruva
Med åst og elskogs ord
— Årolilja, kvi søve du so lengje?
— Årolilja, kvi søve du so lengje?

Inn kjem kongjens smådreng
Seie han tidend ifrå
Bendik trør Gullbrautine
Foruta kongjens råd
— Årolilja, kvi søve du so lengje?
— Årolilja, kvi søve du so lengje?

Olavkyrkje i Trondheim
Ho er tekte med bly
Bendik sko inkje livi njote
Om ho var tri gongjer ny
— Årolilja, kvi søve du so lengje?