Traditional
Inga Litimor

[Tekst til "Inga Litimor"]

[Vers 1]
Inga Litimor på handkvern i kongsgarden mol
Og kvad dei små visone av ljos og liv og sol
Aldri nokon kunne kvede som ho Litimor den unge og den vene

[Vers 2]
Då gjekk det bod at Inga må trø for kongjens stol
Og kveda alt som lyser av liv og ljos og sol
Aldri nokon kunne kvede som ho Litimor den unge og den vene

[Vers 3]
Ho kom seg til kongshall i skor frå finnegarn
Med hjartebank i bringa det bar for kongjen fram
Aldri nokon kunne kvede som ho Litimor den unge og den vene

[Instrumental]

[Vers 4]
"Fribore namn og æra deg kongjen gjeva vil;
No, Inga, kan du syngje som best det høver til."
Aldri nokon kunne kvede som ho Litimor den unge og den vene

[Vers 5]
"Takk, stor er kongjens æra, song fugelen på kvist;
Men betre være elska, veit mannebarnet visst."
Aldri nokon kunne kvede som ho Litimor den unge og den vene
[Vers 6]
"So høyr eit ord, mitt siste: Eg byd deg brudelin
Det er den unge kongjen som sjølv må verta din."
Aldri nokon kunne kvede som ho Litimor den unge og den vene

[Instrumental]

[Vers 7]
"Men då må kongjen veta han ikkje skjemmast tarv;
For eg er kongjedotter, og han sit i min arv."
Aldri nokon kunne kvede som ho Litimor den unge og den vene

[Vers 8]
Og der vart vigsle-veitsla, og songen auka på
Og hev'kje nyst dei slutta, så varer det endå
Aldri nokon kunne kvede som ho Litimor den unge og den vene