Lillebjørn Nilsen
Vidvinkel Stev
Det var ein tidleg morgan at eg gjekk i skogen inn
Eg fann ei edel kvinne der med rose-raude kinn
Eg sa: "Kva gjer ei møy som deg i svarte skogen her?"
"Eg tek snap-shots med mitt kameral"
Sa ho då eg kom nær
"Det er ein merke-dag det her, mi kjære møyl" sa eg
"For eg er og ein fotograf med same mål som deg."
Så fekk ho ta min Nikon F i hennar kvite hand
Ho, sa-; "Så flott eit apparat du har, min gode mann!"
Mitt kamera lika ho så vel, at utan ventetid
Så opna ho den fløyel kledte kamera-veska si
"Slikt utstyr har eg aldri sett, mi kjære møy ... " sa eg
"Lat meg få dra stativet ut, så tek vi same veg."
Så knipsa vi mot solefall og så mot låvedør
Uvande vinklar fann vi flust; som ikkje var funne før
Ho hadde apen blendar og lang eksponeringstid
Eg hadde farga filter på mitt tele-objektiv
Slikt lag med film og kamera har eg aldri sett, min ven!
Ho hedd'kje før fått rullen utså var ho budd igjen
Og når til sist eg såg at det var slutt på filmen min
- så fanga ho oss både-inn med sjølutløysar'n sin
Ho sa: "Eg har hatt Kodak. Eg har hatt ein Hasse/blad
Pentax og Mina/ta tykte eg var nokså bra
Yashika og Olympus kunne også godt gå an
Men å knipsa med din Nikon F var topp
Min gode mann!"