Hellbillies
Bus-General
Han Syver va anleggsarbeidar i heile sitt syndige liv
Han reiste frå anlegg til anlegg og brødfødde ungar og viv
Han hadde eit raudbarka andlet og augestein lynande blå
Som leten på Syver sin snusask, og hatten va vidbremma grå

Han levde med lunta i neven i eimen av sprengt dynamitt
Og dansa med dauden i berget, men redda seg unda so vidt
Og stundo so klinka han glaset i brakkefest tre-stjerne-smell
Her dugde 'kji halvfabrikata, han Syver drakk berre Martell

Han va ein bus-general. Pokkers te kar
Rein dynamitt ifrå vogge til grav
Jentenes gjest. Frikar på fest
Like solid som ein bryggeri-hest

Mineringa sleit på han Syver, so hjarta hass slutta å slå
Men dokteren fekk det igang att med pacemaker, slanga og tråd
Han levde i tre, fire måna, men so va're slutt og forbi
Då sprengde han likbrenningsomna til værs med eit gløymt batteri