Vreid
Fridom med daudens klang
Framåt marsj
Mot nye tide
Gamle verdia
Er trua på livet
Eit slør ligg øve
Allmugen sine auge

Ut for å kjempa
I den klåre månenatti
Tusenvis av skjebne
Drøymer seg heimatt

Støvlane trampa på framand jord
Lukti av død sete sine spor
Lyd som skjere
Meir enn nervedn kan bera
Sår blir til arr som alder vil gro

Fotfeste løysna under beini
Ett blikk mot skyene
Med bleike ansisktsdrag
Stjernebilde skine
Svakare for kvar time
Da siste andedrag

Viden syng deira namn mot nord
Fallne brør i offerjord
Tapre skjeler som ofra og forsvann
Resten av oss feira
Fridom med daudens klang