Vreid
Hengebjørki
Ein herleg dag då gubben vart vekke
Ein grueleg skaping har var
Hans kropp er no atter te jord
Men herjingane hans held fram med å gro

Minna vil bleikna mens uroa leikar
Og gir angsten evig liv
Minna vil bleikna mens angsten den leikar
Og gir sviket evig liv

Mang ei natt ho ha vakna av sine eigne skrik
Sinte og bitter på eit rotnande lik
Slik han hadde vanvara
Var det umogeleg å forsvara
Den djupe respekten var no eit stingande svik

Minna vil bleikna mens uroa leikar
Og gir angsten evig liv
Minna vil bleikna mens angsten den leikar
Og gir sviket evig liv

Ho sveitta og skjelve
Han er over alt
Frå morgon til kveld ei gnagande harme
Ho orka ikkje meir
Men kva kan ho gjera
Hans åtferd vil alltid gjera ho til offer for hat

Minna vil bleikna mens uroa leikar
Og gir angsten evig liv
Minna vil bleikna mens angsten den leikar
Og gir sviket evig liv

Atter ein dag på den gamle gard
Sola har vist seg
Det blir ein fine dag
Frå bjørki ein ser ein sveiande skugge
Der heng ho å dingla
Kva var det ho trudde