Og Menneskja ho sviv ikring og Lukke-Draum er Lôs
Og Menneskja ho gjæng i Ring og leitar etter Ljos
Ljos, Ljos og meire Ljos
Og Ljos, Ljos og meire Ljos
Ljos, Ljos og meire Ljos og
Ljos, Ljos, meire Ljos
Og Menneskja hev Von paa Von og slær si Von ihel
Og Menneskja, det arma Tjon, ho vonar lika vel
Og Menneskja ho hev det so, den stakkars Skodde-Dott
At svømde ho i Stråle-Sjo, ho krava like godt
Ljos, Ljos og meire Ljos
Og Ljos, Ljos meire, Ljos
Ljos, Ljos og meire, Ljos
Og Ljos, Ljos og meire, Ljos
Og Menneskja dei sviv ikring
Heile verda går i ring
Alle syng med same song
Gong på gong på gong på gong
For Menneskja på Livsens Straum glir fram mot Æve-Os
Alt med den løynde Hjarta-Draum
Ho sjølv skal bli til Ljos;
Ljos, Ljos og meire Ljos
Og Ljos, Ljos og meire Ljos
Ljos, Ljos og meire Ljos og
Ljos, Ljos, meire Ljos