[Tekst til "På veg"]
[Vers 1]
Vaknar langsomt, kald og veik
Fjernt fra alle grender
Ligg i skogen, månen bleik
Skjelv i åpne hender
[Vers 2]
Mørkt og fredfullt, seine kveld
Eg bar lykta i mi hand
Då eit vindpust stal min eld
Såg eg dine augo brann
[Mellomspill]
Eg er på veg
[Vers 3]
Vandra inn i djupe skog
Høyrde røyster kalle
Lyfte opp meg, sleit og drog
Til eg måtte falle
[Vers 4]
Inn i villska i eit sprang
Klåre stjerner spinn i kring
Natta mørk og vegen lang
Ut i kvite ingenting
[Mellomspill]
Eg er på veg
[Instrumental]
[Refreng]
Eg er på veg
Eg er på veg
Veit at eg aldri når deg
Eg er på veg
Eg er på veg
Veit at eg aldri når deg
[Vers 5]
Noko vakar her i natt
Eg ser verda fryse
Høge himlar hjarta batt
Til det låge lyset
[Vers 6]
Sviv her ute lik ein vind
Stige eller vandre no
Bli ein drope på ditt kinn
Av din eld ei siste glo
[Mellomspill]
Eg er på veg, eg er på veg
[Vokalisering]
[Refreng]
Eg er på veg
Eg er på veg
Veit at eg aldri når deg
Eg er på veg
Eg er på veg
Veit at eg aldri når deg
[Outro]
Eg er på veg
Eg er på veg
Veit at eg aldri når deg
[Instrumental]