Gåte
Svevn

[Tekst til "Svevn"]

[Vers 1]
Kom svevn og sval meg smertefri
I vogga vesol vitrar
Fred har alt som er forbi
Der livet lid og kvitrar
For sut og lukke er av tid

[Vers 2]
Kom kvil og kvelde ifrå kav
Til roa røynda reier
Alt som sev er utan krav
På veg til det som teier
For svevnen jamnar som eit hav

[Instrumental]

[Vers 3]
Ei dimme møter kvar og ein
Som er på veg attende
Der allting i ei klåre skein
Ligg skodde kringom hende
For myrker legg seg over mеin

[Vers 4]
Det kjem til vaketid og gaum
I grеnselause tankar
Der sansing i ein minnestraum
Seg i bilete sankar
For, meir og meir, blir livet draum
[Instrumental]

[Mellomspill]
Kom svevn og sval meg smertefri
Fred har alt som er forbi

[Vers 5]
Ei soge bur i alt av liv
Frå folk til kryp og blomar
Men inkje alt si soge skriv
Som berre eig ein somar
For fagerdomar innom sviv

[Vers 6]
Kom svevn og gjer meg heilesæl
På ferda inn i stilla
Lat meg kjenne i mi sjel
Eg vengestig or villa
For svevnen gåtesvar fortel

[Outro]
Kom svevn og sval meg smertefri
Kom svevn og sval meg smertefri
Fred har alt som er forbi