3 Busserulls
Alkoholpolitikken
Idag e det fredag, og kassen skal fram
Ja kassen skal sikra oss festen
Bestilt og betalt og frakta og sendt
Og nå skal me drikka opp resten

Me begynte å smaka på mandag
Og på tirsdag og onsdag og torsdag
At me kunne vera så dum
Nå e kassen selvfølgelig tom!

Men idag e det fredag så det blir vel ei råd
Me drikking og dansing og jenter
Men nå må me skynda oss bort til han Per
Han sit bakom fjøset og venter
Bak fjøset har me restaurant
Med solo og seksti og sang
Og me syng te me drukna i dram
Ja det e vel ei synd og ein skam!

At me får ikkje øl, me får ikkje øl
Sjøl lensmann og prest må brygga det sjøl
Me får ikkje lov til å nyta eit glass
Men ein kasse eller to det e heilt på sin plass
Me får ikkje, får ikkje øl
Og derfor så blir eg så full
Og rett øve fjorden der ligg eit hotell
Med møkje god mat på menyen
Og der e der dansing og skåling kvar kveld
Med fintfolk og gjestar frå byen

Men bygdafolk slepp ikkje inn
Te øl og te dram og te vin
Ja det e so respektlaust eit syn
Så e da rart at me flytte til byn?

Nei me får ikkje øl, me får ikkje øl
Sjøl lensmann og prest må brygga det sjøl
Me får ikkje lov til å nyta eit glass
Som me nyte så sterkt at me sovna på dass
Me får ikkje, får ikkje øl
Og derfor så blir eg så full
Og by etter by får seg ølmonopol
Og resultata fornekta seg ikkje

For bruket av svaktøl og svakalkohol
Forskyv seg til sterkare drikke
Så de e visst ein feil på logikken
I alkoholpolitikken
For smugdrikking bak kvar ein mur
Kan det kallast drikkekultur?
Nei me får ikkje øl, me får ikkje øl
Sjøl lensmann og prest må brygga det sjøl
Me får ikkje lov til å nyta eit glass
Men ein kasse eller to det e heilt på sin plass
Me får ikkje, får ikkje øl
Og derfor så blir eg så full