Vinskvetten
Kunstnar’n
Velkommen til denna utstillingje mi
Som eg har kalt for tanka i ei tankelaus tid
Forsyn deko med sjampanje og kanapé
Og e da for lite kaffi, så har eg ei kanna te
Kunst e å arbeide ut frå ein dynamisk idé
Så e da opp te andre å finna ut ka da e
De vil finna kunst her so e lagd for å provosera
Men denna fallosen her e vel mest for å imponera

Ref.:
Kunst skal provosera og jedna irritera
(Han e faen ikkje riktig klok, da ser eg)
Kunst skal ruinera elle skapa millionera
(Ser du ikke dynamikken og de stramme linjene?)
Kunst skal informera elle rett og slett la vera
(Eg ser da eg ser, og da gjer nok du og hvis du vil innrømma da)
Kunst skal engasjera og aller helst sjokkera
(Føler du ikke hvordan den lever?)
(Lever?)

For å få avstand nok til vår norske natur
Så malte eg detta bilde i Øst Timur
Eg fekk inspirasjon tå ein opiumsløk
Då vart eg heilt vill og malte to strøk
Her har eg malt han Sivert so sløye ei pala
Bakom står Jesus, da e han i sandala
De ser at han smila og e full i lått
Han va ein god skøyar, han Sivert i Skariot
Kunst skal provosera og jedna irritera
(Ser du ikke relasjonen mellom folk og natur i komposisjonen?)
Kunst skal ruinera elle skapa millionera
(Eg ser ein so sløye fisk, og da e da)
Kunst skal informera elle rett og slett la vera
(Du må være mer åpen, og spørre hvem er jeg, og hvorfor?)
Kunst skal engasjera og aller helst sjokkera
(Eg ser ein so sløye sei eg, høyre du?)

Da va på ei reisa te fjernare himmelstrøk
At eg plutselig fekk naso i eselmøk
Et sensitivt, varmt og organisk materiale
Og eg for min del syns'sje at da lukta so gale
Ein treng ikkje kunna mala for å gjera da godt
Kunsten e å verta øvetolka, og misforstått
Eit bilde so vart ødelagt, eg trakka jøno da med skona
Vart selt på høstutstillingje, før fira milliona

Kunst skal provosera og jedna irritera
(Her viser kunstneren sin nærhet ved sitt fotavtrykk)
Kunst skal ruinera elle skapa millionera
(Men da e jo ødelagt, da e jo hol tvert i jøno da)
Kunst skal informera elle rett og slett la vera
(Det er et uttrykk for øyeblikkets spontane sinnsstemning)
Kunst skal engasjera og aller helst sjokkera
(Men han har jo trakka jøno da mennesje, e da så vanskelig å forstå?)
Massen frå distriktet kjøpe "Elg i solnedgong"
Symbolikken e for enkel, og elgen e for long
Vanlege folk og eg har nok vidt forskjellig syn
Eg mala helst for dei so går på festspelna i byn
Ein kunstnar so meg ligg ofte forut for sin tid
Nåken har ymta frampå, og kalt meg eit geni
Skal eg kunna skapa treng eg statsstøtta og romslege stipend
Og då e da vel snart på tide at staten yta litt igjen

Kunst skal provosera og jedna irritera
(Kom deg i arbeid som vanlege folk, din snyltar)
Kunst skal ruinera elle skapa millionera
(Hysj, du må åpne deg og gi plass og rom for nye inntrykk)
Kunst skal informera elle rett og slett la vera
(Eg ville ikkje hatt da om de hadde slengt da ette meg)
Kunst skal engasjera og aller helst sjokkera
(Det er jo genialt i sin komplekse enkelhet)
(Da e'kje ein kjeft so kan sjå ka da e. Hei du. Du på piano. Lukk igjen låkje)