Frida Ånnevik
Og verda var ny
Det var ein engel som gav meg eit frø
Som ga meg eit frø
Med rørsler så kvite som dalande snø
Som dalande snø
Eg sådde, og verda vart ny
Verda var ny
Det var ein engel som gav meg eit frø
Med rørsler så kvite som dalande snø
Av svevnen min voks det eit tre her i nord
Eit tre her i nord
Eg vakna og såg det, stort, på mi jord
Stort, på mi jord
Eg hausta, og verda var ny
Verda var ny
Det var ein engel som gav meg eit frø
Med rørsler så kvite som dalande snø
Og sola reis opp over byar og tre
Byar og tre
Eg trudde ‘kje lenger på dei som dreg ned
Dei som dreg ned
For eg såg det, at verda var ny
Verda var ny
Det var ein engel som gav meg eit frø
Med rørsler så kvite som dalande snø
Då vekte eg deg og sa kva eg såg
Sa kva eg såg
Du svara, med ei røyst så dirrande låg
Så dirrande låg:
Ja sanneleg, verda er ny
Verda er ny
Det var ein engel som gav meg eit frø
Med rørsler så kvite som dalande snø