Ingebjørg Bratland
Før Du Går
Me sat ved fjorden
Eg såg på deg før eg sa:
“No dreg sommaren
Og det må også du”

Skyene drog raskt avstad
Bølgjene mørkare enn dei plar
Det var slik eg lika det
Men du, du gjorde ikkje det

Du vende andletet vekk
Burt i frå ljoset
Eg ville også det
Men det var ikkje rom for det

Vil du ha det
Kom å ta det
Før eg mistar all forstand

Kan ikkje få deg til å sjå meg
Men ein ting før du går
Kan du slukke ljoset nå

Du fann meg alltid att
Eg sat der eg alltid sat
Song dei songane som eg plar
Men du høyrde ikkje det
Du vende andletet vekk
Burt i frå ljoset
Eg ville også det
Men det var ikkje rom for det

Vil du ha det
Kom å ta det
Før eg mistar all forstand

Kan ikkje få deg til å sjå meg
Men ein ting før du går
Kan du slukke ljoset nå

No skal eg aldri, aldri, aldri meir
Sjå deg i augo
Å seie…