Ingebjørg Bratland
Vintersong
[Tekst til "Vintersong"]

[Vers 1]
Rim på stogeglaset
Frost på kvar ei grind
Og over alt er minner om deg
For kvart eit steg eg tek

[Vers 2]
Det er seint og månen blenkjer
Men søvn set ingen fri
Eg ligg vaken og minner glimrar
Hóss’ hånda di heldt mi
Når stilla blir for vond å takle
Og ei natt så lang

[Refreng]
Då er det slik eg ser deg
I snø ein vintermorgon
Fryd og glede rundt deg
Og du, du lyfter armane til værs
Eg gøymer minna inni her

[Post-Refreng]
Å som eg lengtar no til deg, min ven
Kan du sjå meg?
Og vil eg nå deg?
Ein dag igjen
[Vers 3]
Eim av glede bivrar enno
Om kvardagsdraumen
Ser over trea mot stjernehimmelen
Der du bur no

[Refreng]
Då er det slik eg ser deg
I snø ein vintermorgon
Fryd og glede rundt deg
Og du, du lyfter armane til værs
Eg gøymer minna inni her

[Post-Refreng]
Å som eg lengtar no til deg, min ven
Kan du sjå meg?
Og vil eg nå deg?
Ein dag igjen

[Outro]
Kan du sjå meg?
Og vil eg nå deg?
Ein dag igjen